Aktivitetar og turar

På Framneshalvøya er det mykje å finne på heile året!

I idrettshallen er det godt tilrettelagt for ulike ballspel. I tillegg til handballhallen er det og innandørs fotballbane og styrkerom.

 Uteområdet er eit eldorado med sandvolleyballbane, diskgolfbane, badeplass og stupetårn. Elevane kan og låne kano og kajakk.

 I hovudbygget er peisestova eit sentrum for aktivitet, her er det ofte møter og elevarrangement. For dei som driv med musikk er dette og ein god plass å øve.

På hemsen i peisestova er det biljard, ulike spel og ein liten kafé.

I hovudbygget er det og ein kiosk som russen driv til inntekt for misjonsprosjektet.

I nærområdet er det variert natur som innbyr til turar heile året. Er du glad i ski er det mange alternativ! Toppturar på randonée, skianlegg for langrenn og alpint.

Spaniatur

Vi arrangerar tur for alle 3.klassingane våre. Dei siste åra har vi reist til Santa Susanna nord for Barcelona. Her er fokuset fellesskap, opplevingar og aktivitetar.

Frilufstlivturar

Idrettsfag har friluftslivturar innbakt i klasseturane sine. Det er mogeleg for alle å velge programfaget friluftsliv i 2.- og 3.klasse

Klasseturar

Alle klassane gjennomfører turar kvart år til ulike destinasjoner på Vestlandet

Spaniatur 3.klasse

Bredde- og Friluftsliv i Eikedalen