Ein annleis russetid

På Framnes er fokuset at elevane får ei meiningsfull russetid prega av samhald. Blikket rettast mot kva ein kan utrette for andre gjennom det tradisjonsrike misjonsprosjektet. Det målretta og motiverande arbeidet med prosjektet gjer at Framnesrussen kjenner mindre på det tradisjonelle presset som mange andre opplever i russetida.

Russen kjem stadig på nye og kreative aktivitetar, men nokre russearrangement er og blitt viktige årlege høgdepunkt. Talentiade, måneskinnsturar, russebryllup, turneringar og misjonsløp er nokre eksempel på arrangement der alle elevane på skulen er inkludert. At arrangementa er for alle elevane gjer noko godt med skulemiljøet på Framnes, og er med på å skape eit større og inkluderande fellesskap.