Kristent fellesskap

På Framnes er det eit godt kristent fellesskap. Måndag, onsdag og fredag er det obligatorisk morgonsamling med “Ord for dagen”.
Andre arrangement og aktivitetar vel du sjølv om du vil engasjere deg i.
Søndag og onsdag er det lovsang og andakt i peisestova. Kvar torsdag er det Kriksamling i Framnes arena. Ein dag i veka samlast «Krigerene», dette er eit fellesskap basert på cellegrupper der elevane deler tru, liv og bønn. For dei som ynskjer er det også bibelgrupper ein gong i månaden. Elevane sjølv er viktige for å skape det aktive kristne fellesskapet, og dei som ynskjer å engasjere seg får oppfølging av ansvarlege vaksne.
 

Lokalt er Norheimsund- og Øystese ungdomskor eit viktig kristent fellesskap. Elevar frå Framnes er velkommen, og i dag utgjer dei ein stor del av dette koret. 

I tillegg til organisert kristent fellesskap er det og aktivitetar som elevane sjølv startar og styrer, måndag til fredag er det t.d. ein god gjeng som startar dagen med felles bønn.