Programfag

Programfag for alle

Toppidrett Fotball/Volleyball/ individuell idrett
Toppidrett ved Framnes kristne vidaregåande skule er eit tilbod for deg med aktiv konkurranseerfaring i idretten som ønskjer å driva idretten din til noko meir enn mosjonsnivå. Me tilbyr trening i skuletida og oppfølging frå lærarar og trenarar i fotball og volleyball. Fleire av lærarane har erfaring frå toppidrett.

NB: Dersom du ynskjer Individuell toppidrett: Her stiller me krav om at du både er aktiv og har konkurranseerfaring frå idretten din. I tillegg må du ha ein personleg trenar som står ansvarleg for at du trener rett for å få den utviklinga som du ynskjer. Ta kontakt med skulen dersom du har spørsmål til individuell toppidrett

Friluftsliv
Friluftsliv er eit programfag som du kan velja på VG2 og VG3. Det er eit praktisk fag som omfattar tre helgeturar i ulike naturmiljø, telemarkundervisning på vinteren og mange praktiske økter utandørs. Det blir gitt god opplæring i bruk av kajakk.

Programfag kun for Idrettsfag

Breiddeidrett
Breiddeidrett ved Framnes kristne vidaregåande skule er eit tilbod for deg som ønskjer å ha fokus på fleire idrettar. Breiddeidrett er eit praktisk fag med stor variasjon i aktivitetar.

Programfag kun for Studiespesialisering

Du kan velja mellom følgjande programområde når du byrjar på VG2/VG3:

Realfag
Matte, fysikk, kjemi, biologi

Språk, samfunnsfag og økonomi
Engelsk, sosialkunnskap, media, psykologi, entreprenørskap