Skulereglement og internatreglement

Skulereglementet ved Framnes KVGS

Framnes er ein kristen vidaregåande skule, og dette skal prega både skule og fritid. For ein elev som er tatt inn i den vidaregåande skulen, kan dei generelle rettar og plikter samanfattast slik:

*   Eleven har krav på undervisning, hjelp og rettleiing i samsvar med dei føresegner som gjeld for skuleslaget til ei kvar tid

*   Eleven vert medlem av eit samfunn som består av elevane og personalet ved skulen.

*   Eleven har medansvar for å skapa eit godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer.

*   Eleven pliktar å rette seg etter vedtak i lovar, reglement og instruksar.

*   Eleven har rett til å fullføre vidaregåande opplæring på den skulen han tok til

1 Frammøte

  1. a) Eleven møter presis til morgonsamlingane og undervisninga, og tar del i undervisninga i den forma ho vert gjeven.

  2. b) Dersom ein elev er borte frå prøvar og ikkje leverer heimearbeid, kan han måtta møta til individuelle prøver som er nødvendige for å ha karaktergrunnlag.

  3. c) Ved sjukdom: Internatelevar gir melding til internatavdelinga seinast kl. 08.00. Eksternatelevar gir melding til kontaktlærar.

2 Fråvær/permisjon

  1. a) Alt fråvær skal registrerast. Eleven har sjølv ansvar for å dokumentera årsaka til fråværet.

  2. b) Planlagt fråvær/permisjon skal meldast til skulen på førehand. Fråvær på 1 – 5 skuledagar skal godkjennast av kontaktlærar. Fråvær over 5 skuledagar skal godkjennast av rektor.

  3. c) Studiearbeid som er godkjent av faglærar eller rektor, skal ikkje bli rekna som fråvær.

  4. d) Eleven bør føra si eiga fråværsbok. På den måten vil elevane få større ansvar for sin eigen arbeidssituasjon og eiga læring.

  5. e) Stort fråvær, uansett grunn, kan føra til at ein manglar grunnlag for å gi vurdering med karakter.

3 Undervisningsutstyr

Eleven har ansvar for å skaffe seg alt nødvendig undervisningsmateriell, og å bruka t.d. gym-tøy, verneutstyr i fag der dette er eit krav.

4 Ordenselev

Kontaktlærar har ansvar for å setja opp liste over ordenselevane i klassa. Ein skiftar ordenselev kvar veke. Ordenseleven si oppgåve er å opna vindauge i friminuttane, vaska tavla og elles hjelpa til med å halda klasserommet fint og ryddig. Vikar for ordenselev er den som hadde dette oppdraget veka før.

5 Oppslag

Elevar og interessegrupper ved skulen skal bruka dei oppslagstavlene som står til rådvelde for dei. Inngangsdøra skal ikkje brukast til oppslag. Alle oppslag skal godkjennast og stemplast av skulen.

6 Vanleg orden og høveleg framferd

  1. a) Eleven skal vera med å skape trivsel og arbeidsglede og ta omsyn til dei andre på skulen.

  2. b) For å skapa trivelege arbeidsforhold er det viktig at alle er med på å halda det reint og ryddig på skulen og skuleområdet.

7 Rusmiddel, tobakk, snus

  1. Det er nulltoleranse for all bruk og oppbevaring av alkohol eller andre rusmiddel. Elevar som møter ruspåverka kan verta bortvist frå skulen.

  2. Heile skule- og internatområdet er røykfritt.

  3. c) Det er forbudt å nytte snus i skuletimane.

8 Kontakt og samarbeid mellom skule og heim:

Foreldre er alltid velkomne til å ta kontakt med skulen. I tillegg vert det arrangert foreldrehelg to gonger i året, ei samling om hausten og ei om vinteren/ våren. Det vert då sett av tid til samtale med personalet ved skulen. Det vert arrangert eit foreldremøte for kvar klasse der foreldra vel ein representant (og ein vara) til å møte i foreldrerådsutvalet.

9 Økonomi

Når det ikkje vert betalt for skuleplassen slik den inngåtte avtalen tilseier, har Framnes rett til å seie opp plassen ved skulen. For internatelevar betyr det at internatplassen også vert sagt opp. Skulen skal først prøve å inngå betalingsordningar.

Brot på skulereglementet

Tiltak og sakshandsaming

  1. a) Ein ser det som sjølvsagt at alle elevane gjer sitt beste for å skapa eit positivt læringsmiljø i klassa. Dersom dette ikkje skjer, og det oppstår konfliktar, skal læraren først prøva å løysa forholdet i dialog med den eleven det gjeld.

  2. b) Dersom det ikkje lar seg gjera å ordna forholdet på lågaste nivå, blir eleven sendt til inspektør/rektor som kan gi påtale og/eller åtvaring, skriftleg pr. brev til eleven og arkivert i eleven si mappe. Når skulen ser det som naudsynt, vert foreldra/føresette orienterte på same måten.

  3. c) Dersom ein umyndig elev bryt reglementet på same eller liknande måte som han tidlegare har vorte refsa for med påtale, kan skulen senda skriftleg melding om dette til foreldre og føresette. Det same kan skje dersom eleven blir stengd ute frå undervisning resten av dagen. Faglærar kan utvise for opp til 2 timar.

  4. d) Dersom ein elev i lengre tid viser ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro, eller når ein elev i alvorleg grad forsømmer pliktene sine, bryt skulen sine reglar eller gjer noko straffbart, kan rektor stengja eleven ute frå skulen i opp til 5 dagar. Utvisning for meir enn 2 timar er enkeltvedtak.

  5. e) Oppbevaring og bruk av stoff/narkotika vil bli meldt til politiet og eleven vil bli vist bort frå skulen.

  6. f) Bortvising kan ankast til Statsforvaltaren.

  7. g) Fylkeskommunen/heimfylket kan i svært alvorlege tilfelle visa eleven bort frå resten av skuleåret. Då er departementet klageinstans.

  8. h) Skulen har rett til å skrive ut elevar som ikkje oppfyller plikta om betaling av skulepenger slik det er nedfelt i kontrakten mellom skule og elev.

  9. i) Når det gjeld sakshandsaminga og dei rettane og pliktene som eleven, foreldre/ føresette og skulen har, viser ein til Forvaltningslova kap. IV og VI, Privatskulelova 3.10.

  10. j) Før eventuelle refsingstiltak vert avgjort, skal eleven ha høve til å forklare seg overfor den som skal ta avgjerda.

Internatreglement

Framnes er ein kristen internatskule, og dette skal prega kvardagen på skulen. Skal me trivast, må det vera gode forhold mellom dei som bur saman. Ein må ta omsyn til kvarandre og kjenna ansvar for kvarandre. Reglane er gjevne for å gjera det så triveleg som råd på internata, og ein reknar med at alle gjer sitt beste for å følgja reglane for å få til eit godt internatmiljø.

Det er ikkje muleg å laga eit regelverk som fangar opp alle situasjonar. Det er heller ikkje muleg å sanksjonera alle regelbrot på lik måte. Framnes tek derfor atterhald om at ein må bruka skjøn. For å få så lik handsaming som mogeleg, er det oppretta eit dokument “Reaksjonar ved regelbrot” som nemner ei rekkje situasjonar og kva reaksjon det skal vere. Dokumentet er rettleiande.

1A Inngåing og oppseiing av internatkontrakt

  1. a) Føresette skal godkjenne og skrive under kontrakten om plass ved internatet når eleven er under atten år. Internatkontrakten vert vanlegvis fornya når ein elev tek mot tilbod om plass på skulen til neste skuleår. Dersom det har vore mykje uro rundt ein elev, slik at han/ho er til stor belastning for personalet, kan rektor likevel gjere vedtak om ikkje å tiby internatplass.

  2. b) Dersom ein elev ønskjer å flytte ut av internatet i løpet av skuleåret, skal dette gjerast etter skriftleg samtykkje med føresette når eleven er under 18 år.

  3. c) Elevar som flyttar ut av internatet før skuleåret er omme, skal betale for seks veker etter utflyttingsdato. Eleven skal levere oppseiinga skriftleg.

1B Betaling for kost og losji

  1. a) Betalinga skal gjennomførast innan den fristen som er oppgitt på giroen.

  2. b) Ved manglande innbetaling vert det sendt ei purring med ny frist for innbetaling og inkassovarsel.

  3. c) Vert forholdet ikkje ordna innan ny frist, går saka til inkasso.

  4. d) Elevar som ikkje betalar for seg, vil miste plassen ved internatet

2 Rom og internat

  1. a) Alle romma (soverom og fellesrom) har fast møblering. Du kan derfor ikkje ta med ekstrautstyr (seng, kjøleskap, gardiner m.m.) utan avtale med internatavdelinga.

  2. b) Møblane på fellesrom og elevrom skal ikkje flyttast utan etter avtale med internatavdelinga.

  3. c) Eleven er ansvarleg for orden på rommet sitt. Ansvaret for orden og reinhald på fellesromma og gangane er fordelt på elevane. Romma skal vaskast regelmessig, og internatavdelinga har tilsyn med orden og reinhald på internata.

  4. d) Det er ikkje lov å nytte anna en TACK-IT for å hengja plakatar o.l. på veggane. Dersom ein vil hengje opp tyngre ting, skal ein avtale med internatavdelinga/vedlikehaldsavdelinga.

  5. e) Filmar og spel med 18 års aldersgrense er ikkje tillatne på internata.

  6. f) Det er ikkje lov å ha dyr på internatet.

  7. g) brannfare er det forbudt med levande lys og annan åpen eld/fyrverkeri på internata. Lys som er brent, vert rekna som bruk av levande lys.

  8. h) Elevar som set andre sitt liv og helse på spel, medvite eller ved tankeløys åtferd ute eller inne, vil få ein reaksjon.

  9. i) Rektor eller den som rektor gir løyve, har til eikvar tid lov til å gå inn på eleven sitt rom når det er naudsynt.

  10. j) Ved mistanke om oppbevaring av rusmidlar på internatet (sjå også punkt 13), vil skulen gå gjennom internatromma for å sikre at det ikkje vert oppbevart rusmidlar på internatet. I slike situasjonar skal eleven, så langt det er muleg, vere med å gå gjennom rommet etter anvisning frå rektor eller den som har fått løyve til det.

3 Eigendelar

  1. a) Elevane har ansvaret for at romma deira er låste.

  2. b) Elevane må ta vare på det dei sjølv eig. Skulen har ikkje ansvar for eigedelar som blir skadde eller borte, verken på soverom eller fellesrom.

4 Bruk av pc

All bruk av data skal skje i samsvar med gjeldande kontrakt som elevane har skrive under på. Misbruk av eigen eller andre sin pc vil føre til prikkbelasting etter vurdering.

5 Framnes sin eigedom

Dersom du har vore så uheldig å øydeleggja noko som høyrer til Framnes, melder du frå til internatavdelinga eller tilsyn. Krav om erstatning vert vurdert i kvart tilfelle. Hærverk utløyser krav om erstatning.

6 Feriane

Elevane har til vanleg ikkje høve til å bu på internata i feriane fordi skulen og internata kan vera stengde eller brukte til kurs. Me tek derfor atterhald om å nytta elevromma i feriar etter avtale med elevane.

7 Reiser

Skal elevar reisa bort om kveldane/nettene eller i helgene, må dei melda frå om dette.  Det er eigne skjema til bruk i samband med reiser. Elevar som bur på internata, har ikkje høve til å overnatte i Kvam, men rektor/tilsyn kan etter søknad unntaksvis gje slik løyve.

8 Gjester

Slekt og venner er velkomne til skulen. Ynskjer ein elev overnattingsbesøk, må han avtala dette med internatavdelinga på førehand. Det er ikkje lov å ha gjester på overnatting i skuledagane, untatt etter særleg løyve frå internatavdelinga. Då skriv dei gjesten inn i skulen si gjestebok og gjev melding til tilsyn.

Skulen sine reglar gjeld også for gjester.

9 Innetider

  1. a) Elevane skal vera på sine eigne internatavdelingar etter innetid og fram til frukost neste dag. Tilsyn har rett til å kontrollera at så er tilfelle.

  2. b) Ytterdørene i internata vert låste kvar kveld til fylgjande tider.

*   22.30 kveld før skuledag.

*   01.00 kveld før fridag.

Det skal vere sovero frå klokka 22.00. Stovene vert låste etter innetid, og elevane skal vere på eigne rom etter eigen tidsplan. Sjå dagsorden.

10 Leksetid og rotid

Det er faste leksetider for at elevane skal få arbeidsro. Då skal det vera stille på internata. Utanom leksetida kan ein bruka lydanlegg med rimeleg styrke. Leksetida er måndag til torsdag kl. 16.00 – 18.00. Frå og med kl. 22.00 til neste morgon skal det vere stille (rotid).

11 Sjukdom

Dersom ein elev må halda senga p.g.a. sjukdom, skal han melde frå til internatavdelinga før kl. 08.00, avtala sjukebesøk og eventuelt mat. I helgene må elevane kontakta tilsyn ved sjukdom.

Elevar som ikkje kan følgje undervisninga, pga. langvarig sjukdom skal bu heime når skulen bestemmer det. Elevar som er til stor belasting for medelevar og/eller personalet, skal bu heime når skulen bestemmer det.

12 Matsalen

  1. a) Det er måltid i matsalen til fastsette tider, og me forventar at elevane syner god bordskikk. Etter måltida skal elevane rydda fint etter seg og sortera restavfallet i eigne dunkar. Me oppmodar elevane om ikkje å kaste mat.

  2. b) Det er ikkje høve til å ta anna enn matpakke med frå matsalen. Det er ikkje høve til å ta med drikke. Dersom elevane ynskjer å laga litt ekstra mat på internatkjøkena, må dei sjølve syta for nødvendige råvarer.

  3. c) Krus eller kjørl skal ikkje ut av matsalen.

13 Narkotika, rusmiddel, tobakk og dopingmiddel

  1. a) Ved mistanke om oppbevaring/bruk av narkotika vert forholdet meldt til politiet.

  2. b) Det er totalforbod mot alkohol og andre rusmiddel på internata. Det er forbode å ha med seg, oppbevare, bruke rusmiddel eller vere påverka av rusmiddel, så lenge ein er innskriven ved internatet, enten ein oppheld seg på Framnes eller utanfor Framnes. Det er heller ikkje lov å oppbevara emabalasje som tomflasker eller liknande.

Alle som oppheld seg på same stad på skuleområdet, der det også vert nytta alkohol, er å rekna som skuldige i brot på forbodet mot å nytta alkohol.

Om nødvendig har Framnes rett til å krevja testing med alkometer og/eller prøve hos lege. Dersom ein motset seg slik test, er prøven å ansjå som positiv.

  1. c) Det er forbod mot å røyke. Dette inkluderer også E-sigarett. Forbudet gjeld heile Framnes sitt skule- og internatområde.

  2. d) Det er ikkje lov å bruke dopingmidlar for å fremje idrettsleg prestasjonsevne, verken i organisert samanheng eller anna uorganisert idrett.

14 Brannalarm

For at me skal unngå brannutvikling og sova trygt om natta, er det viktig å ha eit godt brannvarslingsanlegg. Dette anlegget må me ha respekt for.

Misbruk av brannvarslingsanlegg og brannslokkingsutstyr vil føra til alvorlege reaksjonar. Falsk alarm er straffbart og kan meldast til politiet. Det er derfor forbod mot å bruke elektriske apparat/komfyrar og mikroomnar etter kl. 23.00 då desse ved uhell kan koma til å løysa ut brannalarmen.

Det er ein branntillitselev i kvart internat. Alle elevane har plikt til å gå til tilviste plassar utanfor internatet når alarmen går. Branntillitseleven skal då telja opp og sjå etter om nokon av elevane manglar.

Pga. brannfaren er det forbode å nytte levande lys eller annan open eld i internata. Tildekking av brannvarslar er strengt forbode.

15 Motorkjøretøy og våpen

Av omsyn til tryggleiken skal elevane ikkje nytta motorkøyretøy innanfor bommen utan løyve frå rektor/tilsyn. Alle må ferdast varsamt inne på området pga. alle borna som held til der. Elevar som ønskjer å ha bil parkert på Framnes sin parkeringsplass over eit lengre tidsrom, må skrive avtale om det.

Du har ikkje lov å ha våpen med til skulen før det er godkjent av skulen si leiing. Kontakt skulen for godkjenning. Våpen skal oppbevarast i skulen sitt våpenskap.

16 Orden og åtferd på internata

Orden og åtferd på internata vil bli tatt med ved vurderinga av internatplass til neste skuleår.

Vedteke i styret for Framnes, 22.09.2022